- Fartøyet blei nyleg tatt ut i opplag, fortel Tommy Walaunet, viseadministrerande direktør i Island Offshore, til Vikebladet Vestposten.

Island Spirit blir i opplag i ei ubestemt periode framover, men likevel innanfor ei tidsramme.

- Island Spirit vil ligge ei kortare periode i opplag, mellom tre og fem månader. Grunnen til det er at fartøyet har ein kontrakt litt fram i tid, seier Walaunet.

Nyttar kontorpersonell

Skipet blir no liggande med skutesida inntil to andre Island-fartøy som også ligg i opplag, Island Endeavour og Island Express. Alle tre båtane blir ikkje liggande utan tilsyn, fortel Walaunet.

- Vi har kontinuerleg tilsyn med båtane og nyttar delar av kontorpersonalet til det. No som det er mindre å gjere på kontoret blir delar av kontorpersonalet nytta til tilsyn, slik vi får fordelt ressursane og slepp å seie opp folk.

Les også: Skip nummer to på plass

Men, reiarlaget har blitt nøydde til å gjere grep som følgje av at Island Spirit no er lagt i opplag.

- Permitteringane som følgjer av dette blir gjort meir på flåtenivå. Det blir gjort både i forhold til eit totalvurdering av arbeidsstyrken i reiarlaget, men også ved enkeltbåtar, fortel Tommy Walaunet avslutningsvis.