– Ja, eg er ferdig i Hødd. No skal eg jobbe litt, og så får vi sjå kva tida bringar. No skal eg først og fremst få orden på helsa, fortel Ruben-Kenneth Brandal.

25-åringen frå Hareid kom til Hødd i 2009, men står utan kontrakt med klubben etter denne sesongen. Dei to siste sesongane har vore vanskelege for Brandal, som spesielt denne siste sesongen har vore mykje plaga med skader, og med lite speletid i Hødd-drakta. I 2015 blei det berre tre innhopp i serien for Brandal, som totalt har 161 kampar for Hødd.

– Eg kunne nok ha spelt vidare, men etter ei totalvurdering så kom ein fram til at dette var det beste. Eg har framleis mykje fotball i meg, og kunne ha bidrege i Hødd vidare, men med skader og lite speletid så har eg mista litt lysta, seier Brandal.

Vil trene fornuftig

Det ønskjer han å bruke tida framover til å gjere noko med.

– Ja, no ønskjer eg å få trent på ein måte som gjer at eg får tilbake lysta på å spele fotball, og ikkje minst slik at eg får kroppen tilbake på rett spor. Brandal fortel at han allereie ser klar betring, men at han framleis vil ha godt av å ta det litt rolegare og heller trene meir fornuftig med noko mindre fotballbelastning.

– Eg er nøgd med situasjonen slik den er no, og så får vi ta det derfrå. Det kan jo hende eg dukkar opp på nokre Hødd-treningar for å halde meg litt i form og få trent med spelarar på eit bra nivå.

Brandal fortel at han ikkje har teke noko avgjersle på om det kan verte aktuelt med spel for andre klubbar, men han understrekar at han i så fall ønskjer å spele på så høgt nivå som råd. Brandal vart cupmeister med Hødd i 2012, og spelte begge Europaliga-kampane mot Aktobe i 2013.

I tillegg til Ruben-Kenneth Brandal er også Ole Amund Sveen ferdig i Hødd, etter at han vart klar for Sogndal. Det er framleis åtte Hødd-spelarar som står utan kontrakt etter denne sesongen, mellom anna Aslak Falch, Jonas Ingebrigtsen, Erik Sandal og Joachim Magnussen.