Onsdag reiste den ghanesisk-tyske spelaren Davidson Drobo-Ampem tilbake til Tyskland, etter å ha vore ei vekes tid på prøvespel i Ulsteinvik.

Sjølv om forsvararen fekk ei vridning i ryggen den første treninga, fekk han vist seg godt fram for spelarane og sportssjef i Hødd, André Nevstad.

- Vi har fått eit veldig godt innrrykk av «Dave», han er ein flott type. Han har spelt på eit høgt, godt nivå og har erfaring frå det. Vi trur han kan passe godt inn i gruppa vår, og det fekk vi stadfesta - at han kom fort inn i gjengen, utdjupar Nevstad.

Annleis

27-åringen var i St. Pauli-systemet frå 2006, først i rekruttstallen, før han frå 2009 spelte for St. Pauli sitt første og andrelag. Der fekk han 16 kampar for førstelaget før han reiste på lån til danske Esbjerg i 2011. Der var han på to låneperioder før han til slutt signerte ei toårskontrakt med den danske Superliga-klubben sommaren 2012.

Forsvarsspelaren reiste vidare til FC Wacker Innsbruck i Austerrike, der han vart løyst frå kontrakten i sommar. Hødd er derfor ein litt annan klubb enn det han er vand til.

- Men det verkar å vere ein klubb ein kan utvikle seg i. Dei gir ein tid, det er god atmosfære og det er det eg likar best med Hødd.

Og den høgreiste spelaren føler han har fått vist seg fram så godt han kunne - ut i frå føresetnaden.

- Eg hadde ein god prata med trenaren, som sa at han såg kvalitetane mine og var klar over at eg ikkje var 100 prosent. Men det er positive signal i forhold til det dei har sett, forklarar han.

Liten dekning

Forsvarsleddet til Hødd består i hovudsak av fem spelarar: to midtstopparar (Jesper Törnqvist og Steffen Moltu), ein høgreback (Jonas Ingebrigtsen) og to venstrebackar (Ruben-Kenneth Brandal og Christoffer Aasbak).

Nevstad er derfor klar på at det er veldig ønskjeleg med meir breidde i den bakre firaren.

- Det er i forsvaret vi har minst dekning, og der kunne vi ha tenkt oss å hatt inn ein som kan spele i ulike posisjonar. Og Dave er ein som matchar det. Både i forhold til det sportslege, kva han kan bekle av posisjonar, kva erfaring han har og kva personlegdom han har så er det heilt klart at det er ein bra match, erkjenner sportssjefen i Hødd.

- Og det er vel også ein fordel at han er kontraktslaus?

- Ja, sjølvsagt. Kontrakten hans med FC Wacker gjekk ut i juni, så det er ikkje tvil om at han er ledig på marknaden. Då blir det opp til oss og han om det blir noko meir av det.

Interessert

Drobo-Ampem har reist tilbake til Hamburg for å sjekke opp ryggen, og vil halde kontakten med Hødd i dagane som kjem. Skulle det kome eit tilbod frå klubben så erkjenner han at det er eit tilbod han vil vurdere seriøst.

- Der er ein del ting som må klaffe. Eg må tenke litt på økonomi, med tanke på familien, men eg likar meg her. Eg har spelt på eit høgare nivå, men når ein har vore skada så handlar det om å finne seg sjølv igjen, og eg trur dette kan vere ein perfekt plass til å kome seg tilbake til profesjonell fotball.

- Så eg vurderer det verkeleg. Om eg ikkje hadde vurdert det, så hadde eg heller ikkje vore her. Til sjuande og sist må det vere bra for både meg og klubben. Men eg er positv til Hødd, seier han sympatisk.

Overgangsvindauget i norsk fotball opna onsdag, men at det vert ein ny spelar å sjå i Hødd-drakta allereie mot Kristiansund er Nevstad ikkje heilt overtydd om.

- Søndag kjem ganske fort, så det tør eg ikkje eg å love. Det skal noko til trur eg, smiler han.