Marianne Hatløy har sagt opp jobben sin som politisk sekretær i Ulstein kommune. Ho skriv i brev til ordføraren at ho etter ei grundig vurdering ønskjer å slutte i stillinga og ha sin siste arbeidsdag 30. april 2015.

Ho har søkt om avtalefesta pensjon frå 1. mai 2015.

Hatløy byrja arbeide i politisk sekretariat, som då var nyoppretta, 1. august 2003. Den gongen var det Johs. Klungsøyr som var politisk sekretær. Då han vart sjukmeld vart Hatløy konstituert som politisk sekretær. Og då det vart klart at han ikkje kom tilbake i jobben, fekk ho stillinga fast i 2005.