Då Hødd-spelarane torsdag var tilbake på nye Høddvoll etter ein kort fotballpause, var det ikkje berre kjende ansikt ute på kunstgrasmatta. Denne veka trenar nemleg den tysk-ghanesiske forsvarsspelaren Davidson Drobo-Ampem med klubben.

Drobo-Ampem er født i Ghana, men oppvaksen i Tyskland. 27-åringen var i St. Pauli-systemet frå 2006, først i rekruttstallen, før han frå 2009 spelte for St. Pauli sitt første og andrelag. Der fekk han 16 kampar for førstelaget før han reiste på lån til danske Esbjerg i 2011. Der var han på to låneperioder før han til slutt signerte ei toårskontrakt med den danske Superliga-klubben sommaren 2012.

På øvste nivå i Danmark

Davidson Drobo-Ampem spelte 27 seriekampar for Esbjerg etter overgangen og fram til hausten 2014, då forsvarsspelaren reiste vidare til FC Wacker Innsbruck i Austerrike. Der blei det sju kampar for Davidson Drobo-Ampem, som no står utan kontrakt.

Ifølgje sportssjef og dagleg leiar i Hødd, André Nevstad er meininga at Davidson Drobo-Ampem og Hødd skal få bruke nokre dagar på å finne ut om spelaren kan passe inn i klubben. Sportssjefen understrekar at klubben er nøgde med den stallen ein har per i dag, men at ein alltid ser etter mogelegheiter til å styrke laget. Nevstad fortel også at klubben ser fordelane med å styrke konkurransen i den bakre firaren. Davidson Drobo-Ampem skal kunne gå inn i heile forsvarsfiraren, men under torsdagstreninga med Hødd såg han ut til å trivast best på midtstopparplass.

- Han har bra fysikk og skal ha bra med fart, fortel Nevstad om den 1,89 høge forsvarsspelaren.

Davidson Drobo-Ampem skal ifølgje Nevstad trene med Hødd dei komande dagane, og så skal ein vurdere om partane ønskjer å sjå meir av kvarandre også i tida framover.

Kan kome fleire

På spørsmål om det kan dukke opp fleire nye spelarar på Hødd-treningar framover seier André Nevstad at det kan vere mogelegheiter for det.

Nevstad nemner at mellom anna Strømsgodset-junioren William Solheim, som har far frå Ulsteinvik, truleg skal trene med klubben ei periode. Den unge forsvarsspelaren trente også med klubben i vinter.

André Nevstad og Sindre Eid under Hødd-treninga torsdag der Davidson Drobo-Ampem var med på si første Hødd-trening.