- Ullensvang vil vere på sitt årvisse verkstadopphald i litt over fire dagar, opplyser ferjesjef i Norled, Inge André Utåker til Vikebladet Vestposten.

Fredag vil ferja vere tilbake igjen i sambandet. Det vil seie fire og ein halv dag med noko redusert kapasitet i sambandet, då Høgsfjord er ei mindre ferje. Medan Ullensvang har ein kapasitet på 110 personbilar, har Høgsfjord plass til litt over 80 personbilar.

Det er knappe tre veker sidan M/F Tidefjord var på sitt årlege verkstadopphald.