Tysdag inspiserte 17 år gamle Karsten Warholm idrettsarenaen i byen Donetsk i Ukraina, som årets U18-VM skal halde til i.

Warholm, som høyrer til Dimna IL,  er éin av 14 landslagsutøvarar som skal representere Noreg under meisterskapen.

I løpet av turneringa skal 17-åringen gjennom stafett og mangekamp. I morgon er det 100-meter og lengde som står på programmet.

*

Tysdag vart også Noregs tropp for U20-EM i Rieti, Italia teken ut. I 28-mannstroppa finn vi Henrik Overvåg, som også er frå Dimna IL. Han skal springe 200-meter under meisterskapen.

Det var snakk om at også Warholm skulle følgje med lagkameraten til Rieti, men han klarde ikkje krava. Det er heller ikkje så vanleg å delta i både VM og EM så tett innpå kvarandre, ifølgje 17-åringen.

Henrik Overvåg og Karsten Warholm skal begge ut i internasjonale meisterskap dei neste vekene. Foto: joakim rødven