Det seier foreldra til borna som kvar dag må krysse den livsfarlege fylkesvegstrekninga i Botnen på sin skuleveg. No skal kommunen snart i møte med Statens vegvesen.

Reidar Garnes og Maciej Szymanski, fedrane som gjekk hardt ut mot Ulstein kommune og Statens vegvesen like før jul i fjor, fordi dei meiner begge partar har trenert saka i lengre tid, har no vore i møte med kommunen. Inntrykket etter møtet med ordførar Knut Erik Engh og fleire frå administrasjonen var godt, kan dei fortelje.

– Eg må verkeleg seie at eg meiner det var eit veldig positivt møte, der det raskt blei klart for oss at vi snakkar same språk i denne saka. No er spørsmålet kva Statens vegvesen gjer vidare med saka, seier Reidar Garnes.

For Ulstein kommune skal i møte med Statens vegvesen 14. februar, der også andre farlege kryss og strekningar vil bli lagt fram.

– Situasjonen i Botnen har blitt oss fortalt at er prioritert øvst, så skal kommunen også purre på kring Hasundkrysset, Rema-krysset og Saunesmarka. Vi håpar det kjem noko ut av dette no, ikkje berre tomme ord, seier Garnes.

Har med seg skisse

I møtet med kommunen presenterte Maciej Szymanski ei skisse over alternativ til handling når det gjeld Botnen.

– Det første som må på plass er ekstraordinær skuleskyss. Så kan vi godt tenkje oss at strekninga blir 60-sone, og at her kjem gangfelt, lys og eit nytt busskur. Kommunen var einige med oss i dette, og teiknar no vidare på ei skisse dei vil presentere til Statens vegvesen, fortel Reidar Garnes.

Noko Garnes og Szymanski ikkje er like nøgde med, er at dei nok ein gong har blitt nøydde til å sende inn søknad om busstransport.

– Vi har gjort det fleire gonger tidlegare, men då vi kontakta skulekontoret fekk vi beskjed om å sende inn søknad om skuleskyss på nytt, og ei grunngjeving. Akkurat det var litt skuffande. Men, eg skreiv ein søknad, og bad om rask avklaring, sidan dei har trenert saka no i tre år allereie. Eg har likevel eit positivt inntrykk av kommunen no, og håpar på det beste, seier han.