Grim & Gryt Økobryggeri AS på Hareid kan ikkje få tilskot frå næringsfondet fordi dei held til i feil kommune.

Ølbryggeriet har søkt Hareid kommune om tilskot til innkjøp av ei heilautomatisk flaskefyllings- og korkemaskin. Investeringsbehovet er på kr. 300.000. Planen er å ha økologisk øl til sals i løpet av hausten.

Men til det komande møtet i nærings- og miljøutvalet i Hareid vender rådmannen tommelen ned fordi søknaden ikkje stettar krava til næringsfondtilskot.

Søknaden kjem inn under kategorien ”bedriftsretta tiltak”. Når det gjeld slike, seier retningslinjene at det berre er kommunar i sone 3 og 4 som kan yte næringsfondmidlar til slikt. Hareid kommune er i sone 2 og fell dermed utanfor.