Ulsteinordførar Jan Berset har sendt brev til partikollega og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (Høgre).

Han oppmodar ministeren sjå på innstramminga av startlånsordninga på ny. Dei nye reglane for Husbanken har skjerpa kravet om auke i eigenkapital for nye bustadprosjekt, og dette eigenkapitalkravet skal ikkje finansierast gjennom eksterne lån.

Ulstein har ei fleire tiår vore i ein kommune i sterk vekst. Dei nye reglane har mykje å seie for Ulstein. Det kjem flyttande mange arbeidstakarar frå utlandet.

Startlånsordninga har gjort det mogleg for meir vanskelegstilte å kome inn på bustadmarknaden. Innstrammingane gjer det no vanskelegare å kjøpe, noko som vil presse opp leigeprisane ytterlegare.

Regionale omsyn

Berset forstår at det på nasjonalt nivå kan vere trong for å "kjøle ned" norsk økonomi, men me bur i eit mangeslungent land med ulike utfordringar.

– Det må vere mogleg for Husbanken å ta lokale/regionale omsyn i sine lånetilsegn. Å skjere alle over ein nasjonal kam i denne samanhengen vert om lag like feil som å nytte same nasjonale retningslinjer for disponering av areal i strandsona i Oslofjordområdet som i meir grisgrendte strok i resten av landet. Det må takast lokale omsyn, meiner ulsteinordføraren.