Strandryddedagen har engasjert mange. Langs moloen ved småbåthamna på ytre Hareid var ein flokk frå Ulstein og Hareid Dykkerklubb i full sving med ryddearbeidet laurdag.

Ei mengde sekkar var fylt med rusk og rask. Mesteparten av skrotet som vart samla inn bestod av plast.

Det mest kuriøse var funnet av eit gebiss.

– Det har nok lagt i sjøen ein stund, for det vaks rur på det, fortel Remi Stridh, leiar i dykkerklubben.

– Bakevje

Kvar det kjem ifrå, alt dette søppelet, har ikkje Stridh noko forklaring på.

– Moloen dannar ei bakevje der drivande søppel ikkje kjem seg vidare. Noko vert sitjande fast i den sprengde steinen som moloen er bygd av, fortel han Noko av rusket er kortreist, som isoporbeholdarar for gatekjøkkenmat, medan anna rask har lagt bak seg ei lengre ferd.

Ulstein og Hareid Dykkerklubb har nyleg vore med på ein oppryddingsaksjon der dei plukka opp 250 såkalla spøkelsesteiner, teiner som er gløymde att eller mista på havbotnen.

Styresmaktene gav ein dusør på 400 kroner per teine, så det vart gode inntekter til klubben.

– Før sommarferien skal vi også gjennomføre ei hamneopprydding. Det ligg mykje skrot utfor kaiene rundt om kring, seier Remi Stridh.

– Bra engasjement

– Inntrykket mitt er at oppslutnaden om Strandryddedagen er enda betre enn i fjor, seier Linn Urke Osnes, kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Ho fortel at interessa i forkant av aksjonen har vore god, men at dei ikkje får full oversikt over omfanget før ut i kommande veke. Måndag startar reinhaldsverket arbeidet med å hente alt avfallet som engasjerte strandryddarar har plukka opp rundt om i Hareid, Herøy, Ulstein og Sande.

Det er organisasjonen Hold Norge Rent som står bak Strandryddedagen Formålet med aksjonen er å rydde og registrere forsøpling i og ved havet. Særleg plast og ikkje minst (sic!) mikroplast utgjer ein trussel mot sjøpattedyr, fisk, fuglar og anna liv i havet.