Det ville seg ikkje for Dimna IL sine stafettlag. Verken gutane eller jentene kom seg i mål.

Først ut var jentene, der høvesvis Alice Ulla Berg, Johanne Rise Kvalen, Synne Stokkevåg Berg og Anna Kleven skulle springe første, andre, tredje og fjerde etappe. Allereie på første etappen fekk Alice så store problem at laget måtte bryte. Ulla Berg fekk etter rapportane ein strekk, som gjorde at ho ikkje klarte å springe vidare.

Mista pinnen

For gutane var det kvartetten Karsten Warholm, Henrik Overvåg, Jonas André Ose og Nicolas Roppen Masters (i rett rekkefølgje) som skulle springe. Desse fire kom seg ikkje så mykje lenger på veg før det sa stopp. Karsten Warholm sprang ei god førsteetappe, og skulle til å levere stafettpinnen vidare til Henrik Overvåg, då det gjekk gale. Pinnen glapp ut av handa til Overvåg, og det blei bom stopp. Uflaks, men sjølvsagt veldig surt for laget å sjå dei andre springe vidare.

- Det er aldri kjekt når slikt skjer, men vi er eit lag, og tek dette med fatning, som eit lag. Vi kjem sterkare tilbake, sa Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten etter løpet.

Henrik Overvåg var i godt humør etter løpet, trass i missen. Skjorta reiv han i stykker rett etter han innsåg at medaljesjansane glapp.

- Men det var eigentleg over då. Den verste kjensla kosta eg av meg der og då. Slikt skal ikkje skje, men det kan skje. No ser vi framover til å revansjere oss ved neste høve, seier Overvåg.

Her ser ein augneblinken rett etter at stafettpinnen glapp ut av handa til Henrik Overvåg, som gjorde at også gutelaget til Dimna IL måtte gi opp. Karsten Warholm sprang førsteetappen. Foto: Iver Vattøy.