Onsdag starta saka der Glen Børge Løset Flø frå Ulstein saksøkjer Ulstein kommune fordi han meiner han i heile barne- og ungdomskuletida vart utsett for både fysisk og psykisk mobbing, utan at skulen greip inn. Fredag blei dei siste vitna kalla inn for å gi sine forklaringar i tingretten, i tillegg til at advokatane for dei to partane i saka, advokatfullmektig Lars Henrik Windhaug og kommunen sin advokat, KS-advokat Øyvind Reinslo.

- For at saksøkjaren skal få erstatning må det føreligge eit ansvarsgrunnlag, eit økonomisk tap, og ein adekvat årsakssamanheng mellom personsskaden og tapet. Vi meiner dette er tilfellet i denne saka, fortalte Glen Børge Løset Flø sin advokat, Lars Henrik Windhaug, i sin prosedyre, og la til:

- Faktum i vår sak fell inn under grunnskolelova og opplæringslova. Under heile perioden på barneskulen og ungdomsskulen hadde han eit krav om eit godt psykososialt arbeidsmiljø og om å vernast mot mobberane.

- Systematisk mobbing

I denne saka, etter denne bevisføringa, er det fleire utsegner som peikar på at ting ikkje blei gjort slik dei burde vore gjort, meiner advokaten. Gjennom vitnesbyrda meiner advokatfullmektige Windhaug at det var fritt fram for mobberane å plage Glen Børge, spesielt på barneskulen, men også ungdomsskulen.

- Omtrent samlege av dei tidlegare medelevane innrømte at det føregjekk systematisk mobbing av Glen Børge. I vår sak er det tale om alvorlege integritetskrenkingar og lekamsskading. Det har føregått ein aggressiv oppførsel mot Løset Flø gjennom mange år, frå 1996, tredjeklasse på barneskulen, til han gjekk ut av ungdomsskulen. Flø blei mobba, og lærarane var godt kjent med dette.

Hakkekylling

Løset Flø sine foreldre gjorde mobbinga kjent for lærarane allereie i 1996, og det er tydeleg at det har vore informasjonssvikt og systemsvikt i skulen, meiner advokatfullmektige.

- Foreldra sjølve måtte ta initiativ til kontakt med PPT-tenesta, kvifor gjorde ikkje skulen dette? spurde Windhaug i prosedyren.

Windhaug påpeika også at saksgangen ikkje var spesielt god, då det tok år mellom då skulen først fekk vite om mobbinga og involveringa av PPT og psykolog, til ting skjedde.

- Kvifor er det ikkje lagt fram dokumentasjon i saka som omhandlar konkret Glen Børge sin situasjon? Kva kan vi slutte av dette? Vi trekk slutninga om at han sidan 1996 har vore ein hakkekylling, utan at det har blitt gjort noko? Har kommunen blitt sitjande på gjerdet?

Bevisførselen har også avdekka at Løset Flø også sjølv plaga andre, men advokatfullmektige spurde difor om kvifor det ikkje blei teke tak i dette heller.

- Vår konklusjon er at det burde vore sett inn hardare tiltak mot mobberane, det burde vore nytta andre metodar. Kanskje skulle han også hatt spesialundervisning. Summen av alle feila må leie til ansvar. Om retten ikkje kjem til eit anna resultat, sender dette eit uheldig signal, meiner Windhaug.

Erstatninga advokaten såg føre seg som rimeleg er på til saman like i underkant av 2 millionar kroner.

- Ein oppnådde resultat

Hovudtemaet for saka er om det er grunnlag for ansvar grunna manglande tiltak frå skulen, byrja advokaten til Ulstein kommune, Øyvind Reinslo, sin prosedyre med.

- Innleiingsvis, slik situasjonen ser og såg ut for kommunen, var det ein alvorleg situasjon. Det blei tatt alvorleg, det blei sett inn adekvate løysingar, og ein oppnådde resultat.

I sin prosedyre hevda advokatfullmektige Windhaug at kommunen har sove i timen.

- Då meiner eg bevisførselen viser det motsette, seier Reinslo.

Glenn Børge har også hatt andre alvorlege sjukdommar og lidingar, uavhengig av ein mobbeproblematikk, trekte Reinslo også fram. Han peika også på at kommunen ikkje kan lastast for eventuelle feil gjort av psykolog på dsåverande tidspunkt, mellom anna i forhold til kontakt med PPT.

- Det blei sett i gong ei rekkje omfattande tiltak i forhold til Glen Børge sin situasjon, slik eg ser det. Eg oppfattar saksøkjar som lite konkret på kva tiltak som burde vore sett i gong, kva alternative løysingar som burde vore sett i gong. Dessutan oppstod også dei mest alvorlege episodane knytte til saksøkjar utanfor skulen, sa Reinslo.

Advokaten sådde også tvil om eit anna tema i saka, om saksøkjande skulle hatt rett på spesialundervisning.

Kommuneadvokaten meiner at kommunen bør frikjennast, då han meiner det ikkje føreligg god nok bevisførsel for erstatning, i tillegg til at Ulstein kommune tilkjennast saksomkostnadane.

Saka blir ikkje avgjort før om ca. ein og ein halv månad, då dommen og utmåling av ei eventuell erstatning kjem frå tingrettsdommar Kjetil Gjøen.

Du kan lese fyldige saker med vitnesbyrda til dei ulike vitna i saka mot Ulstein kommune, på Vikebladet.no. (For abonnentar).