Denne veka kjem den anerkjende britiske gatekunstnaren JPS til Hareid for å skape kunst hos Grim  & Gryt Økobryggeri og på Fantehuset.

JPS, eller Jamie Paul Scanlon, kjem frå Weston-Super-Mare nær Bristol og er ein av dei fremste eksponentane for gatekunst i Storbritannia. Stilen hans er inspirert av den endå meir kjende Banksy, men han har vore inspirert og drive med kunst sidan barneåra.

Den kjende gatekunstnaren kjem til Hareid torsdag 25. juni og blir til tysdag 30. juni. Medan han er her skal han utsmykke Grim & Gryt Økobryggeri sine lokale og han skal han lage eit kunstverk på den store vestveggen til Fantehuset Trudvang. Her har dugnadsgjengen sett opp eit stort stillas og måla veggen lys grå i påventa av at kunstnaren skal kome.

– Vi har i samarbeid med Fantehuset jobba lenge med dette prosjektet, og vi er ekstremt fornøgde med å få ein særs flink kunstnar hit for å lage kunst, seier Andreas Grimstad ved Grim & Gryt Økobryggeri.

Andreas er tidlegare leiar ved Fantehuset, og rosar den nye generasjonen som har tatt over ungdomshuset.

– Det nye styret har gjort ein kjempejobb med å pusse opp huset og no når dei får ein verdskjent kunstnar til bygda for å måle på vestveggen er det berre å ta av seg hatten for dei, avsluttar Grimstad.