Ulstein SV sit ikkje i kommunestyret, men ønskjer å utfordre dei folkevalte i kommunen til å ta ansvar og ønskje syriske flyktningar velkomen til kommunen.

Særleg ønskjer dei å utfordre Arbeidarpartiet og Venstre lokalt til å fremje forslag om at formannskapet og kommunestyret ønskjer syriske flyktningar velkomen til Ulstein.

– Ulstein SV har ingen folkevaltrepresentant i kommunestyret i inneverande periode. Vi kan derfor ikkje fremje saka sjølv, men vil utfordre AP og Venstre til å fremje ein uttale der dei folkevalte i Ulstein oppfordrar regjeringa til at Noreg skal ta i mot 10 000 kvoteflyktningar frå Syria, seier lokallagsleiar i Ulstein SV, Elin Pedersen.

– AP og Venstre og SV er einige i denne saka, det er naturleg at lokallaga samarbeider om dei vedtaka som er gjort på partia sine landsmøte og sentralt i partia, seier Pedersen.

Ho meiner det også må kome fram i uttalen at Ulstein kommune forpliktar seg til å ta i mot minst det antallet syriske flyktningar som IMDi anbefalar. Vidare at formannskapet og kommunestyret ber om at staten gjer kommunen i stand til å ta ansvar for dei syriske flyktningane og må bidra med ekstra økonomi til eigna bustader til flyktningane. Ho håpar at Framstegspartiet og Høgre lokalt vil slutte seg til ein slik uttale.

– Alle har ansvar for å bidra, både i og rundt Syria, men også med å ønskje menneske i djup naud velkomen til Ulstein som også er kåra til den kommunen det er best å bu i, avsluttar den lokale SV-leiaren.