UEKF lovde å ikkje rive Vik-huset før kommunestyremøtet.

Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) melde på sist formannskapsmøte frå om at ho vart veldig skuffa og overraska over at styret i UEKF kunne vedta å rive Vik-huset.

– Det er veldig provoserande for meg og andre, sa ho og hugsa at ho for tre år sidan hadde fått lovnad om at det skulle opp som politisk sak før eventuell riving av huset. Ho vil ha saka opp for kommunestyret. Det er prinsipielt viktig, og huset bør ikkje rivast før det.

– Eg tar signalet, sa ordførar Knut Erik Engh. Det sa han at også UEKF gjer. Det blir ikkje gjort noko før saka har vore oppe i kommunestyret 21. september. Der blir saka lagt fram som melding. Så er det opp til kommunestyret om dei vil gjere vedtak i saka.