Bak Gokstadskipet, eit vikingskip frå slutten av 800-talet, på Norges Bank sin nye 100-kroners setel, finn ein Ulstein sin ikoniske X-BOW-skipsbaug. Skrogforma har vore med på å revolusjonere korleis ein tenkjer om skip, eller korleis ein utviklar skip, slik dei innovative vikingane gjorde i si tid.

- Dette er ei stor ære for oss. Her ute på den yttarste nøgne ø har vi vore med på å utvikle den norske og internasjonale skipsindustrien, seier designteamet som står bak Ulstein X- BOW.På Ulstein Verft møtte Vikebladet Vestposten mannen som først fekk ideen om Ulstein X-BOW, Øyvind Gjerde Kamsvåg, og representantar frå både det første og det noverande designteamet som har hjelpt han å realisere Ulstein sitt særeigne skipsdesign.

Bjørnar Leonard Hatløy og Frode Are Sollid var med frå starten på X- BOW-eventyret, og saman med designsjef Øyvind Gjerde Kamsvåg jobba dei i 2002 og 2003 fram eit skip som skulle kløyve bølgjene.

- Då designavdelinga ved Ulstein Verft starta opp etter Vickers-salet i 1999 var det ein filosofisk grunntanke om at våre produkt skulle vere av god kvalitet, men også sjå annleis ut. Med dette i bakhovudet jobba vi alle som ein med konsept som såg annleis ut. I 2002-2003 la vi difor fram nokre framtidsvisjonar, slik som ein gjer i bilindustrien, seier Øyvind Gjerde Kamsvåg.

Bourbon var først ute

Ei skisse blei til blei til, og blei presentert i eit internmagasin. Det blei ein «kul greie», fortel Gjerde Kamsvåg. Ein så «kul greie» at eit framtidsretta og utviklingsorientert reiarlag tok sjansen på det relativt ferske designkonseptet.- Bourbon Offshore Norway i Herøy kontakta oss, og spurde oss om det var mogleg å lage båten slik. Vi sette oss ned saman med reiarlaget, og kom fram til eit konsept vi kalla ULSTEIN X-BOW. Konseptet blei testa i 2004, så byrja bygginga av båten i 2005. I juni 2006 blei båten levert til kunden, fortel Bjørnar Leonard Hatløy og Frode Are Sollid legg til:- Og det viste seg at det faktisk var mogleg å lage båten slik. Det har blitt ein stor suksess, for oss og for kundane våre. Det har blant anna å gjere med komfort for dei som er om bord, mindre slag, mindre vibrasjonar, mindre sjøspray og så vidare. Namnet blei til etter ein lang diskusjon, der det å spele på kryssbaug-designet blei utslagsgivande. X-BOW blei som kjent namnet, og er i dag eit særs godt kjent skipsdesign på verdsbasis, som mange har forsøkt å lage sine versjonar av.

Trendsetjar

Det er altså ikkje utan grunn at Ulstein X-BOW prydar den setelen som høgst truleg kjem til å ligge i flest lommebøker frå og med neste år. I tillegg kjem setelen ut i jubileumsåret til Ulstein. Selskapet er nemleg 100 år neste år.

- X- BOW var med på å starte ein trend for industrien, mot å sjå på alternative problemløysingar. Også korleis ein tenkjer ein båt skal sjå ut, og oppføre seg på havet, seier Bjørnar Leonard Hatløy. Øyvind Gjerde Kamsvåg meiner X- BOW blei til på trass av, ikkje på grunn av.- I den maritime klynga hjelper vi kvarandre og konkurrerer mot kvarandre. Vi provoserer kvarandre og inspirerer kvarandre. Teknologien flyt mellom bedriftene i klynga. I regionen vår her på Sunnmøre er det høgt under taket, vi har stor fridom og vi er løysingorienterte. Men dette er den sunnmørske ånda, vi får til ting saman. Vi fekk til noko spesielt med X- BOW, og no får vi ei slik stor ære som dette. Det er veldig kjekt å vere ein del av dette, seier Øyvind Gjerde Kamsvåg.

Vil løfte Ulstein inn i framtida

Randi Anette Fikkan og Ivan Schrooyen representerer dei nye kreftene i det som i dag heiter Ulstein Design & Solutions, og får vere med på vidareutviklinga av Ulstein X- BOW og nye Ulstein X-STERN, eit nyutvikla hekkdesign, samt framdrifts- og drivstoffsparingssystema til Ulstein.

- Det er viktig at vi tek vare på verdiane vi har, men også at vi torer å tenkje nytt. Vi må vere innovative også framover, og no er vi inne i nok ein tøff periode for den maritime næringa, seier Fikkan og Schrooyen og legg til:- Vi må vere konkurransedyktige, og samstundes levere løysingar som gjer behovet for fossilt brennstoff mindre. Komfort er noko vi også har stort fokus på. Vi kan ikkje kvile på laurbæra, for vi må finne stadig betre løysingar. Men vi står på skuldrane til dyktige folk som har vore her lenge før oss, og vi er trygge på at også vi skal kunne bidra til å løfte Ulstein og den maritime klynga inn i framtida.

<strong>100-lappen:</strong> Slik blir den flunkande nye 100-lappen som Norges Bank set i omlaup frå og med 2017. Setelen kjem ut i same år som Ulstein har 100-årsjubileum. Foto: Illustrasjon/Norges Bank.