Lesarane av Vikebladet Vestposten kjenner nok Pål Grødahl best som venstremann i Ulstein-politikken, men han er også lærar på Volda Vidaregåande skule. Der underviser han i historie og engelsk.

Til helga skal han på landsmøte i Venstre, der han vil framsnakke fråværsgrensa. I utkastet til stortingsprogram står det at Venstre vil fjerne fråværsgrensa, men det vil ikkje Grødahl. Han og lærarkollegaene hans har gode erfaringar med denne ordninga.

Grødahl har vore lærar både før og etter den nye grensa kom. Han var lærar i ti år før han arbeidde i det private næringslivet ein del år. No har han vore lærar i 1 1/2 år.

– Elevane er meir på skule og får tettare oppfølging no, seier Grødahl og legg til at dei fleste lærarane meiner at fråværsgrensa er positiv, og det same gjer mange av elevane. Dette gjeld ikkje berre Volda vgs, statistikk frå resten av landet viser at elevane er meir på skulen no enn dei var før grensa vart innført.

Positivt med samla klasse

Grødahl meiner det er ein fordel at klassen er samla.

– Ein god skule er noko ein byggjer saman med kvarandre, så det er særs viktig at elevane er til stades og at dei er i kontakt med klassane sine og lærarane. Berre slik kan ein få ein endå betre skule, meiner lektoren. Han viser til at før grensa vart innført kunne elevar vere vekke i vekevis utan at læraren visste kvifor eller fekk gjort noko med det. Når eleven kjem på skulen er det lettare å følgje han opp.

– Men ein del elevar har sagt at det fører til at dei går sjuke på skulen, og smittar andre?

– Jau, det kan vere at det kjem småsjuke elevar på skulen, svarer Grødahl, men er ikkje sikker på om det gjer så mykje. Sånn er det også med oss vaksne, me går gjerne på jobb sjølv om me ikkje er heilt i slag. Så dette kan vere ei grei førebuing til arbeidslivet, men i arbeidslivet kan ein ikkje vere vekke så mykje som 10 %, som elevane kan.

Treng nokre justeringar

Pål Grødahl meiner Venstre bør ta til seg innspele som har kome og gjere nokre justeringar, i staden for å berre fjerne grensa. Han er open for at fråværsgrensa treng nokre justeringar. Mellom anna meiner han at delar av køyreopplæringa, som er lovpålagt og må takast på dagtid bør vere lovleg fråvær. Ein bør også sjå på om ein bør justere grensa for dei små faga. Nokre fag er på berre to timar i veka, og då kan ein vere uheldig og få høgt fråvær i eit slikt fag.

Landsmøte i Ålesund

Til helga ha Venstre landsmøte i Ålesund. Då møtest over 300 delegatar, representantar frå ulike interesseorganisasjonar og journalistar frå heile landet til landsmøtehelg.

Møre og Romsdal har ein delegasjon på 11 personar på landsmøtet, I tillegg til Grødahl møter desse frå Sunnmøre: Pål Farstad (1. kandidat på stortingslista), Lena Landsverk Sand (ordførar i Vanylven og 2. kandidat på stortingslista), Amalie Birkhol (Stranda), Steffen Folkevik (Ålesund), Britt Giske Andersen (Ålesund) og Gunn Berit Gjerde (Hareid).