Ulstein kommune ber inn kvar og ein av kommunane på Søre Sunnmøre til ein «naboprat».

Departement og fylkesmann har råda kommunar i aktuelle regionar til å gjennomføre nabosamtalar som ein lekk i utgreiingsprosessen for å sondere kva kommunar det eventuelt kan vere aktuelt å slå seg saman med. Ulsteinordførar Jan Berset ser det som naturleg at dei møtest på formannskapsnivå og ser føre seg ei møteramme på 1–2 timar. Dei vil mellom anna diskutere korleis dei seg føre seg vidare vekst i tettstadane i regionen.