I siste kommunestyremøte i Hareid vart det vedteke å nytte ubrukte lånemidlar til å få sett i gang utbygginga av sansehage ved Hareid sjukeheim. Politikarane tek sikte på at arbeidet kan starte alt 1. september i år. Sansehagen er tenkt plassert like nedanfor der varmtbadet ligg (sjå bilde). Planane går ut på å etablere ein terrasse på 70 kvm. i betong. Tiltaket krev ei ny utgangsdør i eksisterande yttervegg og vil bli innegjerda med eit 1,80 meter høgt plankegjerde i tjue meters lengde.