Sjølv om Statens vegvesen måndag formiddag la fram sitt forslag til utviklingsstrategi for ferjefri E39, der Hafast ikkje lenger var med i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018-2029, var det ingen som deppa om bord i den innleigde båten frå 62°Nord tidlegare denne veka. Minst av alle den svært engasjerte prosjektleiaren for Hafast-prosjektet frå Statens vegvesen, Jørn Arve Hasselø.

– Det som kom måndag var eit innspel til politisk handsaming. Slik eg har forstått det så skal ikkje dette handsamast og bestemmast før våren 2017, så det er enno tid å snu. Vår jobb er uansett den tekniske utviklingsplanen for prosjektet, og inntil eg får beskjed om noko anna så jobbar vi vidare på denne utviklingsplanen. Den har ein litt meir framsynt framdriftsplan enn det vi fekk vite på måndag. Vi vil gjerne ha sikre og gode målingar no, i konseptfasen, og når denne er ferdig er vi klare til å starte på forprosjektet, med nøyaktig dimensjonering av brua, og då er vi klar til å bygge, seier Jørn Arve Hasselø, og legg til:

– Vi treng nok fire år til med miljødatainnhenting og to år til å analysere materialet grundig. Så er vi klare. Byggestart blir nok uansett ikkje før i 2022, seier Hasselø.

Ei stor samlekontrakt

Statens vegvesen er godt forbi den første fasen i Hafast-prosjektet, og har funne fram til det dei meiner er dei beste tekniske løysingane og brukorridorane over Sulafjorden. Neste steg er som sagt ei miljøovervaking for å få inn alle data frå områda der konstruksjonane eventuelt blir sett opp. Då skal både vind, straum og bølgjer, samt saltinnhaldet i sjøen og mange andre målingar gjerast i mange år framover.

– Desse målingane vil gi oss gode grunnlag for å dimensjonere brua. Det er ein jobb som vil koste fleirfaldige millionar kroner, og som vil vere aktiv over mange år, også etter at brua er ferdigbygd, seier prosjektleiar Jørn Arve Hasselø.

Statens vegvesen har laga til ei samlekontrakt der alle målingane er inkludert, men det kan raskt bli slik at fleire firma må samarbeide for å få gjort jobben.

– Vêrhardt og utfordrande

Det skal setjast opp vindmålemaster fleire stader i fjøra og setjast ut bølgjemålarbøyer både her og der i Sulafjorden for å samle saman viktig data i samband med Hafast-prosjektet. Eit av selskapa som var med på tilbodssynfaringa var Kristiansand-baserte Meventus. Dagleg leiar Erik Amundsen og meteorolog Anne Haaland Simonsen tok turen til Sunnmøre, og både fotograferte og gjorde målingar under den tre timar lange båtturen.

– Vi har lang erfaring med vindmåling, men då mest relatert til vindkraft. Dette er eit segment vi også lenge har ønskja å bevege oss over på. Det er ein stor og krevjande jobb, seier Erik Amundsen.

Meventus har sett opp over 100 vindmaster i Europa, og fleire er opp i mot 180 meter høge. I Hafast-prosjektet er det også behov for vindmålemaster på godt over 100 meter.

– Det er bratte skråningar og tett innpå fjellveggane. Det gjer det ekstra utfordrande i forhold til fundamentet under mastene. Det er vêrhardt, og vi må dimensjonere etter det. Det er eit spanande prosjekt å studere, og legge inn eit tilbod på, seier Anne Haaland Simonsen.