Olje- og energiministeren skal legge fram hovudtrekka i neste års statsbudsjett i auditoriet på Ulstein Verft.

Politisk rådgjevar Einar Remi Holmen opplyser at Lien vil leggje mest vekt på det som er relevant for den maritime klynga og for Møre og Romsdal fylke.

Etter presentasjonen blir det høve til å stille spørsmål.

Vekstpakke til oljefylka

NPK melder onsdag morgon at Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har ein liten budsjettgodbit til vestlandsfylke som er ramma av oljenedturen: 20 millionar kroner ekstra til omstillingsarbeid.

Pengane skal brukast på omstillingstiltak for leverandørindustrien, som opplever ein fallande marknad.

– Halveringa av oljeprisen slår hardt inn i vestlandsfylka. Mange menneske har mista jobben, og mange er urolege for at dei mister arbeidet. Dei sit på verdifull arbeidskraft og kompetanse som vi må ta vare på, seier Sanner til NTB.

Initiativet til satsinga kjem frå Hordaland fylkeskommune, som vil få ansvaret for å legge til rette for tiltak i Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

Ordninga blir eit samarbeid mellom bedrifter, Innovasjon Noreg, tilsette og Nav.

Nye marknader, etterutdanning og kompetansebygging

– Det kan dreie seg om tiltak for å få bedriftene over på nye marknader som har vekst, etterutdanning eller kompetansebygging hos tilsette eller å auke kompetansen i næringa for å utvikle nye produkt, seier Sanner.Statsråden varslar at totalsummen kan bli større enn dei 20 millionane som regjeringa foreslår i budsjettet.

Det siste halvanna året har ifølgje DNB Markets omkring 25.000 oljejobbar blitt borte i Noreg, hovudsakleg på Vestlandet. Den aukande arbeidsløysa er også sentrert i vestlandsfylka. (©NPK)