Det er ingen tvil om at også Ulsteinvik-baserte Island Offshore får merke effekten av dei dårlege tidene i maritim bransje.

No klarer ikkje reiarlaget å innfri eit obligasjonslån på 700 millionar kroner, som har forfall i april. Det skriv Maritime.no.

Difor forhandlar reiarlaget no med bankane, verft og obligasjonseigarar om alternative løysingar.