Det blei tett kamp om førsteplassen då det siste løpet i årets Vinterkarusell på Hareid vart avslutta laurdag. Olger Pedersen hadde sjansen til å vinne sitt tredje av fire løp rundt Grimstadvatnet denne sesongen, men måtte til slutt sjå seg slått av Iver Vattøy som etter ein sterk sluttspurt kom først over målstreken med tida 27,47.

- Veldig fornøgd. Det var overraskande bra forhold, litt vått, men bart. Det blei litt seigt på grusen, men ein får det ikkje så mykje betre enn dette, smiler ein nøgd Vattøy etter sin første siger i Grimstadvatnet rundt.

- Det gjekk veldig lett for min del i starten. Deretter så auka Olger på siste halvdelen av løpet. Det var tungt, men eg klarte å bite meg fast og visste at eg har ei bra avslutning.

Vattøy har vist bra form den siste tida, først med bestetid under Rotevatnet rundt i Volda sist helg, og no med sigeren i Grimstadvatnet rundt. Tidlegare har vi vore mest vane med å sjå han på sykkelsetet, men Vattøy viser at han også har bra driv til fots.

- Eg har prøvd å springe litt meir siste halvanna månaden og har forbetra meg med halvanna minutt sidan eg sprang Grimstadvatnet rundt i november. Eg veit at forma er bra, men eg visste ikkje at eg kunne springe så fort, smiler Vattøy.

14-åring imponerte igjen

I dameklassa var det to av dei yngste deltakarane som kom først i mål, og aller fremst var 14 år gamle Iselin Chemmai Sundgot. Ho har vore først i si aldersklasse i alle dei fire løpa i denne Vinterkarusellen, men kanskje meir imponerande er det at ho har vore beste kvinne totalt i to av dei.

- Det blei 34,37. Det er fire sekund seinare enn i det første løpet, men eg er veldig nøgd. Eg synest det var greie forhold, men litt mykje slaps på bortsida av vatnet.

Ungjenta som representerer Dimna IL fortel at ho vanlegvis er mellomdistanseløpar og spring 800 og 1500 meter, men viser under Grimstadvatnet rundt at ho også taklar dei lengre distansane. Verkeleg ei å sjå opp for å åra framover.

Komplett resultatliste blir publisert i løpet av dagen.