Kateket Bjørn Losvik var ein av de som stod for den årlege omvisinga i Ulstein kyrkje torsdag.

- Vi som viste rundt i kyrkja ville gjere kyrkja om til Jerusalem, og var kledd opp som menneske frå den tida. Det er gjennomført 11 påskevandringar for barnehagar (nokre barnehagar er så store at dei kjem med fleire avdelingar), i tillegg til at alle 2. klassar har gjennomført påskevandring, seier Losvik til Vikebladet Vestposten.

Påskefeiring

Omvisinga er eit årleg arrangement som kallast for påskevandring, og temaet er rett og slett hendingane i den kristne påsken, som går føre seg over fire dagar.

- Det er palmesøndag, skjærtorsdag med nattverden, langfredag med korsfestelsen, og til slutt påskedag. Heile vandringa kulminerer med oppstandelsen, som er heile bakgrunnen for den kristne påskefeiringa, seier kateket Losvik.

Bjørn Losvik er kateket og var utkledd som Jesus, og viste til evangeliet etter Johannes kapittel 13 kor Jesus vaska disiplane sine føter.

I bibelen står historia skrive slik:

Jesus vaskar føtene til læresveinane

Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste. Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han. Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»  «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.» Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

(Joh 13,1-17)