- Det at vi starta breitt, og kvitterte ut dei største alternativa har vore det rette å gjere. Vi skal respektere folkeavrøystinga der det kom fram at tre fjerdedelar av dei som røysta, røysta for at Hareid skulle halde fram åleine, men, no er tida inne for å høyre på folket, og gi dei moglegheita til å også få testa alernativet Ulstein og Hareid, sa Anders Riise (H) frå talarstolen under kommunestyremøtet i Hareid.

Onsdag røysta kommunestyret i Hareid over ordføraren si tilråding til fylkesmannen om å starte ein dialog med Ulstein om samanslåing.

I formannskapet blei tilrådinga stemt gjennom med knappast mogleg margin, med 4 mot 3 stemmer. I kommunestyret blei ordføraren si tilråding, korrigert ved eit fellesforslag frå Høgre, Venstre og Framstegspartiet, stemt gjennom med 11 mot 10 stemmer.

Tilrådinga frå ordføraren slik den låg føre fall, medan eit fellesforslag frå Høgre, Venstre og Framstegspartiet var det som blei stemt gjennom.

I fellesforslaget hadde dei tre partia endra på det første punktet, der det blei opna for å sende eit nytt vedtak til fylkesmannen innan 1. september.

Stor skepsis frå Folkelista

Det var knytt stor skepsis til tilrådinga til ordførar Anders Riise, spesielt frå Folkelista.

- Dette er ei brå kuvending som ikkje er naudsynt. Vi har fått eit resultat av folkeavrøystinga, og skal halde oss til det, sa varaordførar og Folkelista-politikar Kristian Fuglseth.

Også tida for ordførar Riise si tilråding blei heftig debattert.

- Skal dette ingen ende ta? Skal vi fortsetje å øydsle vekk innbyggjarane sine ressursar mot deira vilje, på noko som ikkje gagnar noko? sa Bernt Brandal (Folkelista).

Opinionsundersøking og folkerøysting

Det skal bli både opinionsundersøking og folkerøysting, i følgje vedtaket.

Meir om dette kjem i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten