- Over tid har vi hatt ein høgare kapasitet på bygg og anlegg enn det vi sel av sofa. Det kostar pengar å oppretthalde drifta på to ulike lokalitetar, og vi har difor kome fram til at vi vil slå saman produksjonen på desse to lokalitetane, og konsentrere drifta på Vestlandske i Sykkylven. På denne måten kan vi drive meir effektivt, seier Olav Holst-Dyrnes.

Les også: Ekornes legg ned på Hareid

Det var ein tydeleg prega konsernsjef som møtte Vikebladet Vestposten til ein prat i resepsjonen på Ekornes sin fabrikk på Hareid. Holst-Dyrnes var torsdag morgon på Hareid for å informere dei tilsette om at Stressless-sofafabrikken, arbeidsstaden deira, skulle leggjast ned. Ei samanslåing som i følgje Ekornes er venta å redusere kostnadane for selskapet med omlag 10 millionar kroner årleg.

- Det er sjølvsagt ingen hyggeleg beskjed å gi. Klart dette påverkar folk heilt inn i hjarterota. Men det er viktig å vere open kring kva bakgrunnen for denne avgjerdsla er, og å forklare kva som skal skje vidare, seier Holst-Dyrnes og legg til:

- Vi har hatt arbeidsgrupper som har jobba med dette i seks månadar. Som har jobba med ulike alternativ, for å kome fram til ei løysing. Det har vore ein brei og god prosess.

Hareid var lenge eit alternativ

Konsernsjefen fortel at det også lenge var eit alternativ å halde drifta på Hareid, ved å flytte produksjonen på Vestlandske dit. Men, omsyn til dei tilsette og logistikken blei til slutt avgjerande.

- Det å slå saman drifta ved desse fabrikkane såg vi tidleg at det var behov for. Men kor vidt det skulle vere på Vestlandske eller på Hareid har ikkje vore klart før inntil nyleg. Her har vi konkludert med at Sykkylven var det beste alternativet. Det var to omsyn vi la vekt på, det eine var at det var færre tilsette som ville bli råka, og det andre var at vi hadde større fleksibilitet til å flytte tilsette mellom fabrikkane. Om vi får behov for å auke kapasiteten anten på Vestlandske eller på hovudfabrikken, kan vi no enkelt hente tilsette hit og dit, seier Olav Holst-Dyrnes.

Hurtigbåt-løysing?

Dei fleste av dei rundt 70 tilsette på Hareid som blir råka av nedlegginga vil no få tilbod om jobb i Sykkylven. Alle dei tilsette i produksjonen vil få tilbod, men det er enno usikkert kring administrasjonen.

- Vi har nokre på administrativ side som vi vil gå i dialog med no dei neste dagane, for å sjå om vi også kan få med nokre av dei vidare til Vestlandske, seier Olav Holst-Dyrnes.

Drifta ved fabrikken blir frå etter sommarferien av gradvis flytta over til Vestlandske utover hausten. Til jul er målet at lokala på Hareid skal stå tome.

- Vil det realistisk sett bli mogleg for tilsette frå Søre å pendle til og frå jobb i Sykkylven?

- Det blir ein lang reiseveg. Men vi har sett på ulike alternativ og fått ein del innspel frå tillitsvalde og tilsette på korleis vi kan gjere ein slik situasjon betre. Vi har fått innspel om både hurtigbåt og buss, gode idear begge, og vi tek gladeleg i mot gode råd som elles måtte kome, seier konsernsjefen.

Gir honnør til dei tilsette

Sjølvsagt er det ein tung dag for dei tilsette på Hareid, når dei no veit at fabrikken skal leggjast ned. Konsernsjefen ønskjer å gi honnør til dei tilsette som har bidrege positivt i den tunge prosessen, men også til alle dei som har jobba ved fabrikken gjennom alle desse åra der den har vore ei av dei viktigaste bedriftene i lokalsamfunnet på Hareid.

- Når vi først hadde kome så langt i prosessen, har det vore greitt å få det ut. Nokre her har visst om dette i nokre dagar, Det er godt at det blei teke ei avgjerd no. Samstundes vil eg takke for alt det flotte arbeidet som har vore gjort her ved fabrikken gjennom fleire tiår.

Sal eller utleige

Ekornes-fabrikken på Hareid er ikkje noko lite bygg, og kva som vil skje med dette når det ikkje lenger er nokon produksjon her, kan ikkje konsernsjefen svare på per no.

- Det vil nok heilt sikkert bli vurderingar kring eit eventuelt sal av bygget, utleige, eller andre alternativ. Dette ventar vi uansett med, for no er det viktigaste for oss at dei tilsette blir tekne godt vare på, og at alle spørsmål dei måtte ha får vår fulle merksemd, seier Olav Holst-Dyrnes avslutningsvis.

Verken tillitsvald Oddrun Fjørtoft eller fabrikksjef Ole Andre Småge ønskte å uttale seg til Vikebladet Vestposten på denne tunge dagen for dei tilsette på Hareid.

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes hadde torsdag den tunge jobben med å informere dei tilsette på Ekornes Hareid om at fabrikken skal leggast ned. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.