Det er 307 færre ledige i Møre og Romsdal i september enn det var i august. Men om me ser på dei sesongjusterte tala viser dei at Møre og Romsdal har hatt ein auke i arbeidsløysa i same periode på 175 personar. Det er ei svakare utvikling enn i landet der arbeidsløysa går ned med om lag 500 personar.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no på 3 prosent av arbeidsstokken. På landsplan er arbeidsløysa på 2,8 prosent.

Positiv utvikling

Det er ei positiv utvikling i fylket i områda som har hatt den høgaste arbeidsløysa. Både i området Hareid, Ulstein og Herøy og Kristiansund har hatt ei betre utvikling enn fylket den siste månaden, melder fylkesdirektør Stein Veland.

I Ulstein er no arbeidsløysa på 4,1 prosent. Her er det 27 færre ledige i september enn i august.

I Hareid er arbeidsløysa på 4,7 prosent. Den siste månaden har kommunen fått 18 færre ledige.

I Herøy er arbeidsløysa på 3,5 prosent, 24 færre ledige siste månaden.

Kristiansund har den høgaste arbeidsløysa i fylket, med 4,9 prosent. Smøla har den lågaste arbeidsløysa, med berre 1,1 prosent.