Natt til måndag tok engelskelevane med to lærarar laust for å reise til London. Der skal dei få praktisere språket og sjå med eigne auge ein del av det dei har lese om i pensum. Dei skal vandre rundt i London og sjå på arkitekturen, dei skal besøke fleire museum, og dei får oppleve Buckingham Palace og Parlamentet.

Årviss tradisjon

Det er ein årviss tradisjon at tredjeklasse ved studieretning engelsk reiser i lag til London. Lektor Nils Olav Brekke fortel at når dei er så mange som reiser i lag greier dei gjerne å presse ned prisane, så dei får til ein relativt rimeleg tur.

– Heldigvis er det mange som kan vere med oss i år, kommenterer han.

Lektor Veronika Bonaa legg til at ho trur nok desse London-turane verkar positivt inn på rekrutteringa til engelskfaget. Turane betyr meir innsikt, og anna innsikt, enn det dei klarar å gje i eit klasserom.

Mangfaldig by

– London er ein multikulturell by, seier Brekke og fortel om alle nasjonalitetane og kulturane som set sitt særpreg på byen. Han og Bonaa håpar at elevane nyttar sjansen til å prøve litt forskjellig mat når dei er i London, og ikkje berre går på McDonalds.

– Eg har menyen klar, seier elev Thea Urke Remøy. Ho har tenkt seg innom både kinesisk, indisk og mexicansk mat.

Elevane og lærarane skal ete ein middag i lag, det blir italiensk. Så legg Bonaa til at dei må hugse å ete fish & chips ein dag, det høyrer med.

Finansminister i Oslo

Men det er ikkje berre engelskelevane som får reise på tur. Onsdag denne veka reiser Einar Magne Skeide og Laila Muren til Oslo med elevane som har valt eitt eller fleire av faga økonomi og leiing, samfunnsøkonomi og marknadsføring og leiing. Dei skal vere der i tre dag, og har planlagt bedriftsbesøk og opplæring innan alle tre fagfelta.

Dei skal besøke forbrukarøkonom i Nordea, Elin Reitan. Då skal dei lære om personleg økonomi og elevane får gjennomføre eit digitalt læringsspel om privatøkonomi for ungdom som er i ferd med å bli studentar. Dei skal også få ein gjennomgang om korleis Nordea jobbar mot marknadssegmentet ungdom.

Dei skal besøke Noregs Bank, som nyleg har oppretta eit kunnskapssenter, særleg retta mot vidaregåande elevar som studerer samfunnsøkonomi. Elevane skal der spele eit interaktivt rollespel som utfordrar dei til å løyse sentrale problemstillingar i ein økonomi. Spelet heiter Horisont og tar deltakarane med på eit tankeeksperiment: Korleis vil det gå om me brått fjernar alle dei grunnleggande brikkene i ein moderne økonomi, og saman skal byggje dei opp igjen? Elevane blir altså finansministrar for to timar.

Siste dagen skal elevane til BI i Nydalen. Der får elevane informasjon om val av moglege studieretningar for dei som studerer innan faga økonomi, marknadsføring og samfunnsøkonomi. Der blir også gruppearbeid der dei får løyse ei oppgåve.

Ingeniørar for 2 dagar

Elevar som har realfagsmatematikk får prøve seg to dagar som ingeniørar på Rolls-Royce eller Ulstein Group. Dei arbeider med aktuelle oppgåver for ein ingeniør, og som også er knytt til kompetansemåla i faget.

Formåla med utplasseringa er å sjå praktisk bruk av faget, å betre elevane sin kunnskap om industrien og arbeidsmarknaden og at dei skal få sjå korleis ein ingeniør arbeider.

Elevar på farta:

Denne veka får 26 elevar frå Ulstein vidaregåande skule undervisning i London.

15 elevar reiser på studietur til Oslo, der dei besøker Nordea, Noregs Bank og BI.

35 elevar som har realfagsmatematikk og/eller fysikk får denne veka prøve seg som ingeniørar i Ulstein Design eller Rolls-Royce Propulsion i to dagar.