Trond Berg (Kristeleg Folkeparti) og Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) representerer Ulstein kommune i lag i styret til Søre Sunnmøre Landbrukskontor. På sist kommunestyremøte fekk dei gjennomslag for at Ulstein kommune bør lage seg ein eigen plan for landbruk. Anderson syntest det er ironisk at kommunen har ein eigenlysplan, men ikkje ein plan for matproduksjon.

Hensikta med ein lokal landbruksplan er å sette fokus på utfordringar og moglegheiter for næringa, samt å gje ei retning for kva ein brukar areal til i ei kommune.

Planen skal vere eit verkty for å vitalisere næringa i form av gode lokale tiltak for framtida, heiter det i vedtaket.

Arbeidet med den nye planen skal starte opp i 2018.