Ulstein Teakwondo Klubb feirer 20 år i år, noko dei feira med ein barne- og familiefestival i Ulsteinhallen.

Festivalen starta med oppvarming for alle som ville vere med. Musikken vart skrudd opp, og det var tid for å riste laus i stive nakkar og hofter. Ein må varme opp og vere mjuk i kroppen når ein driv med taekwondo.

Deretter var det konkurranse mellom tre familiar. Dei måtte gjennom mange øvingar før ein vinnar vart kåra. Her fekk dei prøvd seg i styrke, fart og ikkje minst samarbeid.

Familien Aske vann.

Etterpå var det barnefestival.

Du kan sjå video frå festivalen øvst i saka.