Skiltet som heng like bortfor Ulstein ungdomsskule som seier at det er gjennomkøyring forbode i Bakkegata gjeld no også, sjølv om det er vinterferie og ingen skuleborn som går til skulen.

Skiltet kom opp til skulestart hausten 2016 for å gjere skulevegen tryggare. Ein del bilistar har i vinterferien lurt på om dei har lov til å køyre der no som skuleelevane ved ungdomsskulen og Ulsteinvik barneskule har vinterferie?

Nei, det har dei ikkje. Anita Sundnes, kommunalleiar teknisk, svarer Vikebladet Vestposten at skiltinga gjeld, også i vinterferien. Der er gjennomkøyring forbode alle vekedagar (ikkje laurdag og sundag).

Skiltet gjeld ikkje på heilagdager, og vil bli tatt ned i juni, så då blir det lov til å køyre der i sommarferien.

I påskeferien vil der vere gjennomkøyring forbode på dei "svarte" dagane på kalenderen, og lov til å køyre på den "raude" dagane på kalenderen.