Representantar frå dei fire partia er samla på Selje i dag, der dei held pressekonferanse. I ei felles pressemelding frå dei fire partia kjem det fram at dei er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029.

Den totale kostnaden er på 2.699 millionar kroner. Det er sett av 1.504 millionar kroner i 1. periode og 1.196 millionar kroner i 2. periode. Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert.

Elisabeth Røbekk Nørve frå Høgre seier at dette er ein historisk dag. - Det er fantastisk godt å oppleve at den lange kampen for auka tryggleik og framkomme for sjøtransporten, no blir teke på alvor, at Stad skipstunnel endeleg skal bli bygd. Tunnelen som også er eit viktig miljøprosjekt i arbeidet med å få meir gods frå bil til sjø, vil garantert gje auka turisme og leggje til rette for vidareføring av hurtigbåtruta opp kysten til Ålesund, seier Nørve i pressemeldinga.

– Det er fantastisk å få vere representant for den H/FrP regjeringa med samarbeidsparti som verkeleggjorde dette unike prosjektet som vil stå som eit monument for all framtid, kommenterer Oskar Grimstad frå Framstegspartiet.

Lena Landsverk er ordførar i Vanylven og representerer Venstre. Ho meiner at Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som vil redusere risikoen for skipsulukker, redusere ventetida for skipsfart og sikrar leveransar, og dermed lønsemd for næringslivet. – Det vil no verte mogleg å overføre lastebil-lass frå Gudbrandsdalen til sjøfrakt, noko som også har betydning for tryggleik og vegvedlikehald på land, seier ho i same pressemelding.

– Stad skipstunnel vert det aller største sjøtryggingsprosjektet i Noreg ved å redusere skade- og ulykkesrisiko for alle sjøfarande. Stad skipstunnel opnar for heildøgns- og heilårstrafikk med redusert ventetid, og auka effektivitet for sjøtransport av person- og godstrafikk. Stad Skipstunnel er eit sterkt miljøprosjekt med overføring av gods frå land til sjø, og betrar transportkvaliteten, kommenteret Jan Helgøy i Kristeleg Folkeparti og legg til, – Stad skipstunnel vert sjølvsagt eit spektakulært turist- og reiselivprosjekt internasjonalt, samt at hurtigbåtsambandet utvidar pendlaravstanden mellom bu- og arbeidsområdet.

Foto: Foto: Illustrasjon/Stad skipstunnel.