Trine Rein startar turnéen sin med konsert i Ulsteinvik i morgon, torsdag 9. mars.

- Eg hugsar godt den første turnéen eg spelte i 1993 der det var nesten berre sunnmøringar i bandet mitt. Me køyrde forbi den eine øya og den andre tettstaden etter den andre. Kvar gong me såg eit stadnamn på vegen var det ein av gutane i bandet som hadde nokre gode minne. Det var frå Ålesund, Ulsteinvik, "Langevågen", Spjelkavik og Hareid. Alle stadene var like kjære for gutane i bandbussen. Eg lærte om "brennsnut", "svele" og at ein seier "Hue" i staden for "lue", mimrar songarinna.

Ho gløymer aldri den gode velkomsten ho fekk av publikum i Ålesund. Ho synest det har gått litt for mange år sidan ho fekk gleda av å besøke konsertstader på Sunnmøre, no gler ho seg stort til å kome tilbake.

- Eg gler meg veldig til å kome til Ulsteinvik, sjølv om eg denne gongen berre har med trønderar, nordlendingar og ein og annan amerikanar i bandet, avsluttar Rein.

Har skrive låtane sjølv

I slutten av januar kom Trine Rein med nytt album, "The Well". Albumet inneheld 8 nye og originale låtar ho har skrive sjølv i samarbeid med Tony Carey (Rainbow) og Ronni Le Tekrø (TNT). Samarbeidet har potent og vinylvennleg sound, med eit live-aspekt som gjer seg særs godt på ein scene.

Tittelsporet "The Well" opnar plata med ein bøn for menneskeheita og planeten vår. Og siste låt "The World Goes `Round" sett skapet heftig på plass for dei som måtte vere i tvil.

Rein går frå rein popmusikk via country til gospel, er innom tung rock og flørtar litt med opera. I tråd med sitt musikkhjarte bryt ho gjerne ned tradisjonelt etablerte vegger mellom dei ulike musikksjangrane, og tolkar sjelfullt kjærleiken sin til musikk.

Samarbeider med Carey og Le Tekrø

I snart tre år har Rein og rockelegenda, låtskrivaren og artisten Tony Carey jobba med albumet "The Well". Samarbeidet kom då Rein var i studio med Ronni Le Tekrø og han foreslo å hente inn Tony. På tre av songane bidreg også gitarvirtuos Ronni med sitt magiske gitarspel.

Torsdagskvelden kan du altså oppleve Trine Rein og Tony Carey på Sjøborg kulturhus. Med dei på turnéen er Jan Holberg, Jostein Svarstad og Per Ole Berge Iversen.