Håvard Roppen har klaga på at teknisk utval gav Inge Eidem konsesjon til å drive gardsbruk på Flø. Klagen til Roppen var oppe i teknisk utval tidlegare i vinter, men då avslo dei at han hadde klagerett, såleis vart ikkje klagen handsama.

Men så klaga Roppen på at han ikkje hadde klagerett, såleis kjem saka på ny opp i teknisk utval. Om dei står fast på at Roppen ikkje har klagerett, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen.

Sakshandsamar (landbrukssjef Anne Kathrine Løberg) og kommunalsjef teknisk (Anita Sundnes) rår teknisk utval til å tilkjenne Håvard Roppen klagerett. Vidare rår dei utvale til å oppheve vedtaket om konsesjon til Eidem, med grunngjeving i at føremålet og driftsforma ikkje inneber ei driftsmessig god løysing eller heilskapleg ressursforvaltning.

Roppen vil kjøpe jorda

I klagen frå Håvard Roppen kjem det fram at han ønskjer å kjøpe jorda på 4/2 til takst og som tilleggsjord til sitt bruk. Det er eit nytt moment i saka. Han har kome til semje med Stig Roppen, som eig garden Eidem vil kjøpe og drive, om at Håvard kan halde fram med å leige jorda inntil vidare til konsesjonssaka er endeleg avgjort.

Bakgrunnen for omlegging og utviding av drifta til Roppen er kravet om lausdrift, behovet for auka gjødsellager og naudsynte utbetringar av innreiinga i fjøset, står det i sakspapira til teknisk utval.

Det er viktig for gardbrukaren å ha tilleggsjorda nært garden både av omsyn til bruk av diesel og for dyra sitt beste.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 16. mars.