Asplan Viak har utarbeidt ein handelsanalyse for Møre og Romsdal som viser at Ulstein treng å auke arealet til daglegvarer med 8000 kvm innan 2030. Kommunen tenkjer at det blir vanskeleg å finne så stort ledig areal på grunnplan i sentrum. Frå før ligg Rema 1000 på Glopen, og kommunen finn det vanskeleg å seie nei til etablering av ein matvarebutikk på andre sida av vegen. Dei rår difor teknisk utval og formannskapet til å vere positive til denne etableringa, og ber Fylkesmannen å fråvike avgjerda om etablering av kjøpesenter.

Fylkesmannen har tidlegare signalisert at han er i mot ei slik etablering. Området er utanfor grensa for detaljhandel. Men teknisk etat meiner at denne etableringa ikkje vil svekke sentrumsutviklinga i Ulsteinvik.

Coop Extra Bygg er alt godt etablert på nedre Saunes. Coop har hatt suksess med å samle fleire av dei ulike konsepta sine ved sidan av kvarandre andre stader i landet. No vil dei også gjere det i Ulsteinvik.

Saka skal opp i teknisk utval 16. 3, formannskapet 21. 3.

Les også: Ønskjer å etablere ny matbutikk