I 2015 lovde kommunalsjef teknisk ein grunneigar på Eika at kommunen skulle sjå på ei avgrensa omlegging for å få flytta vegen frå våningshuset.

I haust (2016) handsama teknisk utval ei sak om omlegging av vegen på Eika. Men utvalet såg det ikkje som aktuelt å flytte vegen. Dei ønskte heller at kommunen tok ansvar og sikra huset mot utgliding av vegen. Dei bad administrasjonen rekne ut kva dette vil koste kommunen. Om kostnadene til sikring ikkje vart større enn 100 000 fekk adminsitrasjonen fullmakt til å gjennomføre utbygginga/sikringstiltaka.

Blir dyrare

Etter møtet i teknisk utval i haust var kommunalsjef teknisk og eigarane av den omtalte eigedomen for å diskutere korleis ein kunne sikre huset. Eigarane kom til at dei ønskte eit nytt møte med kommunen, og nytt møte vart gjennomført i slutten av januar i år.

Kommunen har vore i kontakt med entreprenør Andre Gjerde om jobben. Våren 2016 gav han eit kostnadsestimat på kring 300 000 kroner. No har prisen auka til 350 000 kroner, då han no har sett nærare på tilhøva og det blir ein del meir sprenging enn han først såg føre seg.

Har fått pengar frå staten

Staten har løyvd pengar til kommunalt vedlikehald (tiltakspakken) til kommunar som er særskild råka av arbeidsløyse. I 2017 har Ulstein kommune fått tildelt 3,95 millionar kroner, og det kan bli auka til 6,5 millionar, står det i sakspapira til teknisk utval.

Kommunalsjef teknisk rår til at kommunen legg om vegen i samsvar med framforhandla avtale mellom kommune og grunneigar. Kommunalsjefen meiner at det er det beste både for våningshuset, løda, tunet og brukarane av vegen. Vegen er mykje nytta av folk som går på tur.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 16. mars. Det står i sakspapira at det kan vere aktuelt med ei synfaring til Eika før dei gjer vedtak.