Inger Anne Dimmen, dagleg leiar i Frivilligsentralen i Ulstein vil rette ein stor takk til russen ved Ulstein vidaregåande skule som i år igjen har visst eit stort engasjement til Krafttak til kreft, som er kreftforeninga sin årlege innsamlingsaksjon.

Årets russ ved Ulstein vidaregåande skule har samla inn 226 528,- kroner! Det er det beste resultatet av skulane i Møre og Romsdal. Gratulerer!

- Tusen takk til dei som tok vel i mot russen sist veke då dei trassa regn og vind, og gjekk frå dør til dør. Eg er imponert, seier Inger Anne Dimmen som er koordinator for krafttak mot kreft i Ulsteinvik.

Målet med årets Krafttak mot kreft er å gi kreftpasientar med uhelbredeleg kreft fleire gode år med best mogleg livskvalitet. Det skal ein oppnå gjennom meir forskning og eit betre tilbod til pasientar og pårørande.

Kreftforskningen har kome langt og for første gong kan me seie: I dag overlever 7 av 10 som får kreft. Men det er fortsatt nokon som får den tunge beskjeden om at dei ikkje vil bli friske, men kjem til å døy av sjukdommen. For desse menneska finst det ingen helbredande behandling, berre behandling som er livsforlengande og lindrande.

Pengane frå årets aksjon skal gå til meir forsking og tilbod for å betre livskvaliteten til dei som i dag lever med uhelbredeleg kreft.