Hareid dominerte 2.-omgangen totalt, men måtte likevel nøye seg med 2-2 i treningskampen mot Nordfjord-laget Skavøypoll på Hareidsmyrane stadion laurdag.

Begge laga spelar i 4.-divisjon. Etter å ha spelt kamp mot Volda torsdag (tap 2-3 borte) stilte Hareid denne gongen med eit rekordungt lag (gjennomsnittsalder 18 år) frå start. Mellom desse tre 16-åringar. 1.-omgangen vart ganske jamn og sjansefattig. Hareid hadde ballen mest, men makta aldri å skape dei heilt store sjansane. Skavøypoll tok leiinga frå kort hald om lag midt i omgangen.

I pausen sette Hareid inn fleire rutinerte spelarar. Martinus Røyset Bakken hadde kome inn for unge August Brandal alt før pause – og så kom det påfyll med Nauris Driksna, Ruben Kenneth Brandal, Håvard Mork Breivik og Nikolay Sundgot i 2. omgang. Hareid dominerte stort, og med ca 20 minutt igjen å spele vart Nikolay Sundgot felt av gjestekeeperen. Runar Stranden sette straffesparket sikkert i mål. Før dette hadde Martinus Røyset Bakken bomma for blankt mål – og etter skoringa skapte Hareid 4-5 gode sjansar til utan å få nettkjenning. Så førte ei feilpasning på midtbana til at Skavøypoll kunne kontre inn 2-1.

Det såg lenge ut til at gjestane skulle vinne, men så var Nikolay Sundgot atter på ferde. Eit fint Hareid-angrep (dei var det faktisk ein god del av i 2. omgang) enda med at Sundgot feia ballen opp i vinkelen etter assist frå Martinus Røyset Bakken.

Dermed 2-2 i ein kamp der Hareid hadde eit stort overtak både i spel og sjansar.

Det unge Hareid-mannskapet var godt med på notane før pause, der vi først og fremst merka oss den presise og kloke pasningsfoten til den unge venstrebacken Henrik Holstad. Han får vi nok sjå meir til etter kvart.

2. omgang vart som nemnt dominert av Hareid frå A til Å. Runar Stranden var god ute på vingen – og Ruben Kenneth Brandal ditto på midten. I den nyinnmelde Sondre Hasund (ex. Åram/VanKam) har Hareid fått ein teknisk god og offensiv tilvekst med pondus. Elles var Hødd sin 2.-årsjunior Amanuel Hagos ute i sin første kamp i Hareid-drakta. Men han er inntil vidare Hødd-spelar.

Frå Hareid-stallen blir det også meldt at Nicolay Røyset er ute med korsbandskade, og den slags tek tid å reparere.

KAMPFAKTA:

Hareid-Skavøypoll 2-2 (0-1)

Mål, Hareid: Runar Stranden (straffe), Nikolay Sundgot.

HAREID: Sigve Overå Hide – Amanuel Hagos, Simon Holstad Grimstad, Tarje D. Riise, Henrik Holstad – Ben Buntu, Gustav Bjørlykke, Fredrik Andresen, Runar Stranden, August Brandal, Sondre Hasund.

Innbytte: Martinus Røyset Bakken (frå midten av 1. omgang) – Nauris Driksna, Håvard Mork Breivik, Ruben Kenneth Brandal, Nikolay Sundgot (alle i 2. omgang).