-Nei, det er ikkje snakk om ein kampanje mellom oss som jobbar i Ulstein kommune, det har eg i alle fall ikkje høyrt noko om, seier Kari Marie Øvrebøe.

Ho arbeider både med kommunikasjon og i politisk sekretariat i kommunen.

I løpet av fredagen fekk nemleg Ulstein kommune sju nye vurderingar på Facebook-sida si. Seks av vurderingane kom frå tilsette i kommunen.

- Vi må få lov til å ytre meiningane våre vi også, på linje med allle andre, seier ho.

Stjernebyks

På Facebooksida Ulstein kommune vert folk oppmoda om å fortelje kva dei synest. Ei  stjerne er lågast, fem stjerner er høgast. Før dagens stjerner frå dei kommunetilsette hadde kommunen fått sju 5-stjerner, ei 4-stjerner og ti 1-stjerner.  Dette gav sida eit snitt på 2,7 stjerner. Mange av enkeltstjernene kom etter at kommunen bestemte seg for å anke den mykje omtalte mobbesaka i fjor.

Med dagens vurderingar har Ulstein kommune gjort eit byks i talet på stjerner: no er dei oppe i eit snitt på 3,4 stjerner.

-Det er vel snakk om ein smitteeffekt, seier Kari Marie Øvrebøe. Ho er ein av dei som har gitt Ulstein kommune fem stjerner.

-Det var vel slik at eg gjorde det då eg såg at ein kollega hadde gjort det same. Og så er det slik at eg meiner at vi gjer veldig mykje bra i kommunen.

Vil involvere fleire

Ifølgje Øvrebøe ønskjer kommunen meir engasjement frå dei som bur i kommunen. Difor kjem kommunen til å lvere meir aktive på Facebooksida, for å treffe innbyggarane.

I dag er det 1434 personar som likar sida til Ulstein kommune på Facebook.

Skjermdump frå Facebooksida til Ulstein kommune.
Seks av dei sju som har gitt Ulstein kommune i dag, jobbar i Ulstein kommune.