Innbyggjartalet for Ulstein kommune held fram med å vekse, viser folketalsutviklinga for andre kvartal og hittil i år.

Det er fødselsoverskot (+11) og innflytting frå utlandet (+14) som sikrar folkeveksten for Ulstein i 2. kvartal.

Ulstein kommune skriv på nettsida si at folketalet i Ulstein vaks med 24 innbyggjarar i andre kvartal i år. Til saman i år er det 39. Kommunen har då eit innbyggjartal på 8496.

I Hareid kommune vart det i andre kvartal 19 færre innbyggjarar, 20 færre i år. Innbyggjartalet i Hareid er no 5165.