Den grytidlege markeringa av jula sin mest omsverma helgen – Lucia av Sicilia – vart følgt og applaudert av eit hopetal med foreldre og føresette onsdag morgon. Dei fekk høyre borna framføre fem songar, som dei hadde lært utanboks. - Ja, dei er gløgge og har ingen problem med å lære tekstane, sa Trude Gurskevik Knotten, som dirigerte borna. Gløgg av ein annan karakter vart det etterpå då barnehagen serverte drikke og julekaker inne i barnehagehuset.

Solveig Ertesvåg ønskte foreldra vel møtt like før Lucia-toget tok ut frå gapahuken. Ho skrytte svært av foreldra for at dei har vore så flinke til å følgje opp borna sine i form av frammøte på foreldremøta – og ikkje minst streka ho under kor viktig det var for borna å få vise fram foreldra sine – og omvendt: få vise foreldra kven alle vennane i barnehagen var.

Syverplassen barnehage tel i dag om lag femti born og har inntil femten tilsette i ulike stillingsheimlar og stillingsstorleikar. Borna er i alderen 0 til 5 år.

Lucia-namnet kjem av det latinske ordet lux (lys). Ho er skytshelgen for dei blinde. Ho fekk stukke ut augene sine. Då kristendomen kom til Norden vart dødsdagen hennar ein merkedag på primstaven.