(Sunnmørsposten):

Ifølgje bustyrar Jahn Waage Aurdal har det vore fem tilsette ved kiosken.

– Det blir opplyst at årsaka er vedvarande svikt i omsetnaden over lengre tid, fortel Aurdal til Sunnmørsposten.

Det samsvarar med kva som går fram av dei siste rekneskapa som er offentlege. Frå 2014 til 2016 gjekk inntektene ned frå drygt tre millionar kroner, til knappe 1,8 millionar.

Bustyrar har fått opplyst at selskapet har ei samla gjeld på kring 800.000 kroner, men Aurdal påpeiker at han ikkje har sett nærare på grunnlaget for dette.

Første skiftesamling i Sunnmøre tingrett er planlagt 12. mars og frist for å melde inn krav til buet er 2. mars, ifølgje ei kunngjering frå Brønnøysundregistera.

Saka vart først publisert av Sunnmørsposten