Til formannskapsmøtet i Hareid torsdag foreslår rådmannen å ikkje vedta nokon av dei framlagde modellane for sansehage ved skjerma avdeling på Hareid sjukeheim no.

- Ingen av dei framlagde modellane er ideelle, heiter det i saksutgreiinga.

Rådmannen foreslår derfor ein «tenkepause» der ein må skaffe midlar til å hyre inn teknisk kompetanse til å vurdere og kostnadsrekne dei ulike løysingane. Deretter må saka tilbake til politisk nivå for val av løysing.

Det har drege ut i tid med å få i gang ei sansehageutbygging i Hareid. I investeringsbudsjettet for 2015 vart det sett av kr. 150.000, men med det atterhaldet at fylkesmannen måtte godkjenne kommunen sitt låneopptak til løyvinga.

Tre modellar

Før dette hadde det vore kasta fram tre ulike modellar og plasseringar:

Det begynte med alternativ A i området mellom skjerma avdeling og omsorgsbustadblokka på Hadartun. Problemet her er nivåskilnaden ned mot bakken og at her ligg både ei elv i rør og ein god del kablar. Lite sol, er også nemnt som ein hake ved plasseringa. A-planen vart derfor vurdert som dyr.

Så kom plan B om å ta i bruk området mellom skjerma avdeling og den gamle sjukeheimskroppen på nordsida (der det i dag er ein innkøyrsel). Men her fekk ikkje teknisk etat inn prisar på nødvendig arbeid. Det har også vore reagert på å legge ein sansehage til eit så solfattig område.

Plan C vart innsendt av Kjell-Einar Ljones. Han ville ha ein sansehage på plenen nedanfor Hadartun, med tilkomst gjennom ei lang stålbru.

Saka kjem opp no fordi mange politikarar har etterlyst framdrifta. Det er ikkje sett nokon ny tidshorisont for når ei løysing kan vere på plass.