Om få timar går startskotet for den største innandørsmeisterskapen i landet, der Dimna IL er arrangør. Heile 800 utøvarar er venta å måle krefter under Ungdomsmeisterskapen i Ulsteinhallen. Det er venta at 1500 personar tek turen innom arrangementet.

Onsdag skreiv vikebladet.no at dei heldt litt pusten i Dimna IL, sidan det er flystreik. Då sa Britt Janne Stokkevåg at dei håpte at streiken var over fredag. No er det fredag, go streiken er ikkje over, så me tok oss ein telefon til ho for å høyre korleis det går.

- Det går berre fint. Eg har trekt pusten, seier Stokkevåg og høyrest letta ut.

Mange kom i går kveld. Og det er venta mange til Vigra og Hovden no i føremiddag, men dei flyg ikkje med Norwegian. Dei har fått litt fråfall, men stort sett ser det ut til at folk kjem seg fram, eller har kome fram.

- Me er optimistar og gler oss veldig, kvitrar Stokkevåg i telefonen.