– Kle deg ut som ein eventyrfigur og kom på ein eventyrleg familiedag sundag 18. oktober! Oppmodinga kjem frå programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

"Barnas store eventyrbok" kom tidlegare i haust i moderne nynorsk språkdrakt, omsett av Maria Parr. Førstkomande sundag har skodespelar Rune Sæter laga ei leiken eventyrstund av eventyr frå denne boka, spesielt til familiedagen.

Rune Sæter frå Ulsteinvik er til dagleg dramapedagog ved Fagerlia videregående skole. Han har tidlegare hatt fleire roller, mellom anna ved Det Norske Teatret.

Etter eventyrstunda blir det aktivitetar knytt til kjende og kjære eventyr, og då spesielt til «Musikantane frå Bremen» og «Pannekaka». I kafeen er det sal av kjøtbollar med heimelaga potetstappe, og sjølvsagt på ein slik eventyrleg familiedag: pannekaker med blåbærsyltetøy.

Det blir eiga barnebokutstilling og butikken har mange gode tilbod på nynorske barnebøker. Familiedagen er i samband med «Klart vi les! Nynorsk barnebokturné» same veka, som er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Ivar Aasen-tunet og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.