Med kjende og kjære musikkinnslag og ein for anledninga innleigd konferansier skråstrek moromann i Haakon Esplo, sette Hareid Skulekorps ramma for ein flott kveld i Hareidhallen for små og store. Etter opningsmusikken kom "Jegermarsj", og festen kunne byrje. Haakon Esplo passa på å halde publikum varme mellom dei ulike musikkinnslaga med treffande komikk, utrulege trylletriks og høgst imponerande fløytespeling.

I toppen av saka kan du sjå nokre knips frå festkvelden.

Les meir om feiringa av 50-årsjubilanten Hareid Skulekorps i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.