Merete Brandal og Bjørn Holum har ikkje sunge i lag sidan Blåtur. No er dei igjen å høyre i lag. Dei har fått med seg dyktige musikarar frå fleire kommunar på Søre Sunnmøre.

Jan Thomodsæter meiner dei snart er det einaste interkommunarle samarbeidet som fungerer. Dei har songarar og musikarar frå 5-6 kommunar. Og øvingane går føre seg i lokala til Ulstein kulturskule.

Her blir det mykje engelske tekstar, men dei vil også syngje på norsk, spansk og svensk. Det meste vil få eit gospelpreg over seg.

Sundag kan du høyre dei Hareid kyrkje. Fredag er dei i Gursken kyrkje, og laurdag er dei i Ørsta.