Det ruskete veret gjorde at Julemarknaden i Ulsteinvik som skulle vere på Kulturallmenningen vart flytta inn i lokala etter Eiken Bokhandel. Og det såg ut til å vere eit lurt trekk.

Lokala var fint pynta og folk strøymde til for å handle lefser, honning, syltetøy og mykje anna godt. Eller kanskje berre for å lukte på førjulsstemninga?