Tal frå bokbasen syner at det norske e-boksalget er i ferd med å stagnere. Det samla e-boksalget var ca 230 000 i 2015. Derimot er utlån av e-bøker frå folkebiblioteka i Noreg auka frå ca 230 000 i 2014 til ca 425 000 i 2015.

Utlånet av e-bøker frå folkebiblioteka i Møre og Romsdal er i overkant av 31 000 – meir enn ei tredobling frå 2014.

Kan velje mellom 1900 titlar

Frå juni 2014 har bibliotekbrukarane i Møre og Romsdal hatt høve til å laste ned e-bøker til nettbrett og smarttelefon via appen eBokBib. I den lokale e-bokbasen ligg det no ca 1900 titlar i meir enn tre eksemplar som bibliotekbrukarane i Møre og Romsdal kan låne frå.

Det er naturleg at det er dei tre bybiblioteka som har registrert størst utlån. Ulstein og Haram merker seg ut med høge utlånstal.

Dei over 40

Det er dei over 40 år som er dei store e-bokbrukarane, og det er tre gongar fleire kvinner enn menn som er brukarar. Derimot har ungdommen enno ikkje tatt e-bøker i bruk i vesentleg grad. Ungdom står for berre 10% av utlånet. Fylkesbiblioteket og Fylkesskulesjefen vil difor i løpet av 2016 rette fokus mot ungdom og e-bøker i dei vidaregåande skulane i fylket i håp om å få ungdomen til å lese meir.

Desse vart lasta ned flest gonger

I 2015 var det den italienske forfattaren Elena Ferrante si bok «Mi briljante venninne» som var den mest leste e-boka i Møre og Romsdal. Ho vart lasta ned 319 gonger. Deretter kom kriminalromanane «Blod på snø» av Jo Nesbø og «Blindgang» av Jørn Lier Horst. Edvard Hoem si bok om oldefaren Nesje i Rekneslia i Molde vart lasta ned 238 gonger.